Dommarane 17 N11NN

Heilagdomen til Mika

1 I Efraim-fjella budde det ein mann som heitte Mika.

2 Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sjekel sølv som vart tekne frå deg – eg høyrde sjølv at du uttala forbanninga – dei pengane er hos meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!»

3 Då han gav dei elleve hundre sjekel sølv tilbake til mor si, sa ho: «Eg helgar desse pengane til Herren og gjev dei til son min for å få laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No gjev eg dei tilbake til deg.»

4 Han gav pengane til mora, som tok to hundre sjekel og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.

5 Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre terafar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg.

6 I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

7 Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda, frå Juda-slekta. Han var ein levitt som hadde slege seg ned der.

8 Mannen drog frå den byen, frå Betlehem i Juda, for å finna ein plass der han kunne slå seg ned. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraim-fjella.

9 Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna ein plass der eg kan slå meg ned.»

10 Då sa Mika til han: «Ver her hos meg og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sjekel sølv i året og halda deg med mat og klede.» Levitten kom,

11 og han gjekk med på å vera hos mannen og vart som ein av sønene hans.

12 Mika sette den unge levitten til prest hos seg, og han vart verande i huset til Mika.

13 Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21