1 Dette er dei folkeslaga som Herren lét vera att. – Han ville bruka dei til å setja Israel på prøve, dei av Israel som ikkje hadde vore med i alle krigane om Kanaan.
2 Dette gjorde han for at dei komande slektene av israelittar skulle læra å føra krig, men berre dei som ikkje hadde vore med før. –
3 Det var hovdingane for dei fem filistarbyane, alle kanaanearane, sidonarane og hevittane som budde i Libanon-fjella, frå Baal-Hermon-fjellet til Lebo-Hamat.
4 Ved dei vart Israel sett på prøve, så det kunne visa seg om dei ville lyda boda som Herren hadde gjeve fedrane deira gjennom Moses.
5 Israelittane budde midt imellom kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane.
6 Dei tok døtrene deira til koner og gav sjølve døtrene sine til sønene deira, og dei dyrka gudane deira.
7 Israelittane gjorde det som var vondt i Herrens auge; dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Baal-gudane og Asjera-gudinnene.
8 Då flamma Herrens vreide opp mot israelittane, og han gav dei i hendene på Kusjan-Risjatajim, kongen i Aram-Naharajim. Israelittane måtte tena Kusjan-Risjatajim i åtte år.
9 Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram i Israel, og han frelste dei. Det var Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb.
10 Herrens ande kom over han, og han vart dommar i Israel. Han drog ut i strid, og Herren gav kongen i Aram, Kusjan-Risjatajim, over i hans hender. Han fekk makta over Kusjan-Risjatajim,
11 og landet hadde fred i førti år. Så døydde Otniel, son til Kenas.
12 Israelittane gjorde på nytt det som vondt var i Herrens auge. Då gav Herren Moab-kongen Eglon makt over dei fordi dei hadde gjort det som var vondt i Herrens auge.
13 Han fekk med seg ammonittane og amalekittane og drog ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen.
14 Israelittane måtte tena Eglon, Moab-kongen, i atten år.
15 Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein redningsmann stå fram, benjaminitten Ehud, son til Gera, ein venstrehendt mann. Israelittane sende han med ei gåve til Eglon, kongen i Moab.
16 Ehud laga seg eit tvieggja sverd som var ein gomed langt, og spente det på seg under kleda ved den høgre hofta.
17 Så førte han gåva fram for Eglon, kongen i Moab. Eglon var ein svært tjukk mann.
18 Då Ehud hadde bore gåva fram, sende han bort dei som hadde bore gåva.
19 Sjølv snudde han ved Pesilim, som er ved Gilgal, drog tilbake og sa: «Eg har ein hemmeleg bodskap til deg, konge.» Då sa kongen: «Stille!» Så gjekk dei ut, alle som stod til teneste for han.
20 Då Ehud kom inn til kongen, sat han åleine i det svale takkammeret sitt. Ehud sa til han: «Eg har ein bodskap frå Gud til deg.» Kongen reiste seg frå stolen.
21 Ehud rekte ut venstrehanda, greip sverdet frå høgre hofta og støytte det inn i magen på han
22 så skjeftet følgde med sverdbladet inn. Feittet lukka seg rundt bladet, for han drog ikkje sverdet ut or magen på han, og mageinnhaldet valt ut.
23 Ehud gjekk ut i forhallen, lét dørene til takkammeret att etter seg og låste.
24 Då han hadde gått, kom tenarane til kongen. Dei fekk sjå at dørene til takkammeret var låste, og tenkte: «Han har vel eit nødvendig ærend i det svale kammerset.»
25 Dei venta lenge. Men då han ikkje opna dørene, tok dei nøkkelen og låste opp. Og der låg herren deira døyande på golvet.
26 Men Ehud slapp unna medan dei andre var tvilrådige; han var alt komen forbi Pesilim og flykta vidare mot Se'ir.
27 Då han kom fram, bles han i bukkehornet i Efraim-fjella. Israelittane drog ned med han frå fjellet, og han gjekk føre dei.
28 «Følg etter meg», sa han til dei, «for Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i dykkar hender!» Dei drog ned etter han og tok vadestadene over Jordan til Moab. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over.
29 Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle kraftige og modige menn; ikkje ein kom seg unna.
30 Moab måtte bøya seg under Israels hand den dagen, og så hadde landet fred i åtti år.
31 Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistrane med ein piggstav til å driva oksar med. Også han berga Israel.