26 Mannen drog til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus, og det heiter byen den dag i dag.
27 Manasse dreiv ikkje bort folket i Bet-Sjean og Taanak med småbyane som høyrde til, heller ikkje innbyggjarane i Dor, Jibleam og Megiddo med småbyane deira. Kanaanearane greidde å halda seg i dette landet.
28 Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til tvangsarbeid, men fordreiv dei ikkje heilt.
29 Efraim dreiv ikkje ut kanaanearane som budde i Geser. Kanaanearane vart buande iblant dei der.
30 Sebulon dreiv ikkje bort innbyggjarane i Kitron og Nahalol. Kanaanearane vart buande mellom dei, men dei måtte gjera tvangsarbeid.
31 Asjer dreiv ikkje ut innbyggjarane i Akko og Sidon, heller ikkje innbyggjarane i Ahlab, Aksib, Helba, Afik og Rehob.
32 Ettersom dei ikkje hadde drive ut kanaanearane som heldt til i landet, busette Asjer seg mellom dei.