33 Naftali dreiv ikkje ut innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat. Dei busette seg blant kanaanearane som heldt til der i landet. Men innbyggjarane i Bet-Sjemesj og Bet-Anat måtte gjera tvangsarbeid for dei.
34 Amorittane trengde danittane opp i fjellet og lét dei ikkje få koma ned på sletta.
35 Amorittane greidde å bli buande i Har-Heres, Ajjalon og Sjaalbim. Men då Josefs hus fekk overtaket, måtte dei gjera tvangsarbeid.
36 Grensa til amorittane gjekk frå Akrabbim-skardet og vidare oppover frå Sela.