9 Etterpå drog judearane ned for å kjempa mot kanaanearane som budde i fjella, i Negev og i låglandet.
10 Juda gjekk mot kanaanearane som budde i Hebron. Hebron heitte før i tida Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Ahiman og Talmai.
11 Derifrå gjekk dei mot innbyggjarane i Debir. Debir heitte før Kirjat-Sefer.
12 Kaleb sa: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»
13 Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen, og Kaleb gav han Aksa, dotter si, til kone.
14 Då ho kom, overtala ho han til å be faren om eit jordstykke. Ho steig av eselet, og Kaleb spurde henne: «Kva vil du?»
15 Ho svara: «Gjev meg ei gåve! Ettersom du har gjeve meg dette ørkenlandet, må du òg gje meg kjelder med vatn!» Og Kaleb gav henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.