1 Etter Abimelek stod Tola fram og berga Israel. Han var son til Pua, som var son til Dod av Jissakar-stammen og budde i Sjamir på Efraim-fjellet.
2 Han var dommar i Israel i tjuetre år. Så døydde han og vart gravlagd i Sjamir.
3 Etter han stod Ja'ir frå Gilead fram. Han var dommar i Israel i tjueto år.
4 Han hadde tretti søner; dei reid på tretti esel og hadde tretti byar som enno i dag blir kalla Ja'irs teltbyar. Dei ligg i Gilead-landet.
5 Så døydde Ja'ir og vart gravlagd i Kamon.