10 Då ropa israelittane til Herren og sa: «Vi har synda mot deg. Vi har vendt oss bort frå vår Gud og dyrka Baal-gudane.»
11 Herren svara: «Har eg ikkje frelst dykk frå egyptarane, amorittane, ammonittane og filistrane?
12 Då sidonarane, amalekittane og midjanittane plaga dykk, ropa de til meg, og eg berga dykk ut av hendene deira.
13 Men de forlét meg og dyrka andre gudar. Difor vil eg ikkje berga dykk meir.
14 Gå og rop til dei gudane som de har valt! Lat dei frelsa dykk no når de er i naud.»
15 Då sa israelittane til Herren: «Vi har synda. Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»
16 Dei fjerna dei framande gudane dei hadde hos seg, og tente Herren. Då heldt han ikkje ut å sjå på Israels naud.