1 Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei prostituert kvinne, og Gilead var far til Jefta.
2 Med kona si hadde Gilead òg søner. Då desse sønene vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår, for du er son til ei anna kvinne.»
3 Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Nokre simple menn som gjekk og dreiv, samla seg om Jefta og drog ut med han på tokta hans.
4 Ei tid etter gjekk ammonittane til krig mot Israel.
5 Då ammonittane gjekk til åtak på israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.
6 Dei sa til Jefta: «Kom og ver hærføraren vår, så vil vi kjempa mot ammonittane.»