12 Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uoppgjort med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
13 Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då Israel kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»
14 Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen
15 og sa til han: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå Moab eller ammonittane.
16 Då Israel drog opp frå Egypt, gjekk dei gjennom ørkenen til Sivsjøen og kom til Kadesj.
17 Då sende Israel bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen i Edom høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav Israel seg til i Kadesj.
18 Då dei sidan heldt fram gjennom ørkenen, fór dei utanom Edom og Moab. Dei nådde områda aust for Moab og slo leir på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.