18 Då dei sidan heldt fram gjennom ørkenen, fór dei utanom Edom og Moab. Dei nådde områda aust for Moab og slo leir på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.
19 Så sende Israel bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.»
20 Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Difor samla han heile hæren sin og slo leir ved Jahsa. Så gjekk han til krig mot Israel.
21 Men Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane, og Israel slo dei. Så tok Israel heile landet til amorittane som budde der.
22 Heile amorittlandet tok dei, frå Arnon til Jabbok og frå ørkenen til Jordan.
23 Det er Herren, Israels Gud, som har drive amorittane bort og gjeve landet til Israel, folket sitt. Og no vil du driva dei bort!
24 Er det ikkje slik at det som Kemosj, guden din, lèt deg ta, det tek du, og alt det Herren vår Gud lèt oss ta, det tek vi?