24 Er det ikkje slik at det som Kemosj, guden din, lèt deg ta, det tek du, og alt det Herren vår Gud lèt oss ta, det tek vi?
25 Er du så mykje betre enn Balak, son til Sippor, Moab-kongen? Stridde han mot Israel? Gjekk han til åtak på dei?
26 No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der omkring, i Aroer og byane der omkring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?
27 Eg har ikkje synda mot deg; men du gjer meg stor urett når du no går til krig mot meg. Herren, som er dommaren, skal i dag dømma mellom israelittane og ammonittane.
28 Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.
29 Då kom Herrens ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse. Han fór heilt til Mispa i Gilead, og derifrå drog han ut mot ammonittane.
30 Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mine hender,