28 Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.
29 Då kom Herrens ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse. Han fór heilt til Mispa i Gilead, og derifrå drog han ut mot ammonittane.
30 Og Jefta gav Herren ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mine hender,
31 så skal den første som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga tilbake frå krigen mot ammonittane, høyra Herren til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»
32 Så drog Jefta ut og kjempa mot ammonittane, og Herren gav dei over i hans hender.
33 Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og området heilt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane måtte bøya seg under israelittane.
34 Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han verken son eller dotter.