37 Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til», sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå omkring på fjella med veninnene mine og gråta over at eg må døy som jomfru.»
38 «Gå du!» svara han, og han lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret over jomfrudomen sin.
39 Men då dei to månadene var til ende, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore ein skikk i Israel
40 at israelittiske døtrer fire dagar i året går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.