4 Ei tid etter gjekk ammonittane til krig mot Israel.
5 Då ammonittane gjekk til åtak på israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.
6 Dei sa til Jefta: «Kom og ver hærføraren vår, så vil vi kjempa mot ammonittane.»
7 Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»
8 Dei eldste frå Gilead svara Jefta: «Det er då difor vi vender oss til deg att. Går du med oss og kjempar mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»
9 Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Om de tek meg med heim for å kjempa mot ammonittane og Herren gjev dei i mi makt, skal eg vera hovdingen dykkar.»
10 Dei eldste i Gilead svara: «Herren skal vera vitne mellom oss om vi ikkje gjer som du seier.»