8 Dei eldste frå Gilead svara Jefta: «Det er då difor vi vender oss til deg att. Går du med oss og kjempar mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»
9 Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Om de tek meg med heim for å kjempa mot ammonittane og Herren gjev dei i mi makt, skal eg vera hovdingen dykkar.»
10 Dei eldste i Gilead svara: «Herren skal vera vitne mellom oss om vi ikkje gjer som du seier.»
11 Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead, og folket gjorde han til hovding og hærførar. Framfor Herren i Mispa tok Jefta opp att alt han hadde sagt.
12 Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uoppgjort med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»
13 Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då Israel kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»
14 Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen