1 Mennene i Efraim samla seg til strid og fór nordover. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville kjempa mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset ditt og brenna deg inne.»
2 Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de berga meg ikkje frå hendene deira.
3 Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk mot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no opp og vil kjempa mot meg?»
4 Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er flyktningar frå Efraim, de Gilead-folk, midt mellom folk frå Efraim og folk frå Manasse.»