11 Etter han vart Elon frå Sebulon dommar i Israel. Han styrte Israel i ti år.
12 Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulon-landet.
13 Etter han vart Abdon, son til Hillel frå Piraton, dommar i Israel.
14 Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti esel. Han styrte Israel i åtte år.
15 Så døydde Abdon, son til Hillel frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraim-landet, på amalekittfjellet.