3 Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk mot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no opp og vil kjempa mot meg?»
4 Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er flyktningar frå Efraim, de Gilead-folk, midt mellom folk frå Efraim og folk frå Manasse.»
5 Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han nei,
6 sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Sa han då «sibbolet», fordi han ikkje kunne uttala ordet rett, greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraim.
7 Jefta frå Gilead var dommar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.
8 Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem dommar i Israel.
9 Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti svigerdøtrer henta han heim. Han styrte Israel i sju år.