1 På nytt gjorde israelittane det som var vondt i Herrens auge. Då gav Herren dei i hendene på filistrane i førti år.
2 Det var ein mann frå Sora, frå Dan-slekta, han heitte Manoah. Kona hans var barnlaus; ho kunne ikkje få born.
3 Herrens engel synte seg for henne og sa: «Eg veit at du er barnlaus og ikkje kan få born. Men du skal bli med barn og føda ein son.
4 Pass difor på at du ikkje drikk vin eller sterk drikk og ikkje et noko ureint!