6 Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.
7 Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»
8 Då bad Manoah til Herren og sa: «Høyr meg, Herre! Lat den gudsmannen som du sende, koma hit att og læra oss kva vi skal gjera med guten som skal bli fødd.»
9 Gud høyrde Manoahs bøn. Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.
10 Då skunda kvinna seg og sprang heim og fortalde mannen sin: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»
11 Manoah reiste seg og følgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja», svara han.
12 Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då oppføra oss overfor guten, og kva skal vi gjera med han?»