9 Gud høyrde Manoahs bøn. Guds engel kom att til kvinna ein gong ho sat utpå marka og Manoah, mannen hennar, ikkje var med henne.
10 Då skunda kvinna seg og sprang heim og fortalde mannen sin: «No har han synt seg for meg att, den mannen som kom til meg her om dagen.»
11 Manoah reiste seg og følgde kona si. Då han kom ut til mannen, spurde han: «Er du den mannen som tala til kona mi?» «Ja», svara han.
12 Då sa Manoah: «Når det no går som du har sagt, korleis skal vi då oppføra oss overfor guten, og kva skal vi gjera med han?»
13 Herrens engel svara Manoah: «Alt det eg nemnde for kona di, må ho passa seg for.
14 Ho må ikkje eta noko som kjem frå vintreet, ikkje drikka vin eller sterk drikk og ikkje eta noko ureint. Alt det eg har pålagt henne, skal ho halda seg etter.»
15 Då sa Manoah til Herrens engel: «Vil du ikkje stansa ei stund så vi får stella til eit kje for deg?»