1 Ein gong gjekk Samson ned til Timna. Der fekk han sjå ei kvinne, ei av døtrene til filistrane.
2 Då han kom heim att, fortalde han det til far sin og mor si: «I Timna såg eg ei av døtrene til filistrane», sa han. «Henne må de la meg få til kone.»
3 Foreldra sa til han: «Finst det ikkje døtrer i slekta di eller ei einaste kvinne i folket vårt, sidan du vil gå av og få deg ei kone hos dei uomskorne filistrane?» Men Samson sa til far sin: «Henne må du la meg få, ho er den rette for meg.»
4 Foreldra skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistrane. Dei var det som herska i Israel den gongen.
5 Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei nådde vinmarkene utanfor byen, kom ei ung løve brølande imot han.