17 Men ho gret og bar seg for han alle dei sju dagane festen varte. Og den sjuande dagen sa han det til henne, sidan ho plaga han slik. Så løyste ho gåta for landsmennene sine.
18 Før sola gjekk ned den sjuande dagen, kom mennene i byen og sa til han:«Kva er søtare enn honning,kva er sterkare enn løva?»Samson svara:«Hadde de ikkje pløgd med mi kvige,hadde de ikkje løyst gåta mi.»
19 Då kom Herrens ande over han, og han gjekk ned til Asjkalon og slo i hel tretti mann. Så tok han kleda deira og lét dei som hadde løyst gåta, få dei til festdrakter. I fullt sinne drog han heim att til far sin.
20 Men kona til Samson vart gjeven til den fremste av bruresveinane.