4 Foreldra skjøna ikkje at dette kom frå Herren, og at han søkte eit høve til strid mot filistrane. Dei var det som herska i Israel den gongen.
5 Så gjekk Samson og foreldra hans ned til Timna. Då dei nådde vinmarkene utanfor byen, kom ei ung løve brølande imot han.
6 Då kom Herrens ande over han, og han tok løva og reiv henne sund med berre nevane som det skulle vore eit kje. Men han fortalde ikkje foreldra sine kva han hadde gjort.
7 Så gjekk han ned og snakka med kvinna, og Samson lika henne godt.
8 Ei tid etter vende han attende og ville gifta seg med henne. Han tok av frå vegen og ville sjå den løva han hadde drepe. Då fann han ein bisverm og honning i løvekroppen.
9 Han skrapa honningen ut, heldt han i hendene og åt medan han gjekk frametter. Då han kom til foreldra sine, gav han dei òg, og dei åt. Men han sa ikkje at han hadde funne honningen i løvekroppen.
10 Då far hans kom ned til kvinna, gjorde Samson ein fest der, slik dei unge mennene brukte å gjera.