1 Ei tid seinare, ein dag i kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i rommet til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det.
2 Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta veslesyster hennar i staden? Ho er då mykje vakrare.»
3 Då sa Samson: «Denne gongen er eg fri for skuld om eg gjer filistrane noko vondt.»
4 Så gjekk Samson av stad og fanga tre hundre revar. Han fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar.
5 Så tende han faklane og sleppte revane inn på åkrane til filistrane. Slik brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, ja, til og med vinmarker og olivenhagar.