15 Så fann han eit friskt kjevebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det.
16 Då sa Samson:«Med kjeven av eit eselslo eg ein flokk, ja, to,med kjeven av eit eselslo eg tusen mann.»
17 Då han hadde sagt dette, kasta han kjevebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjevebeinhaugen.
18 Men så vart Samson brennande tørst, og han ropa til Herren: «Du har gjeve tenaren din denne store sigeren. Skal eg no døy av tørste og falla i hendene på dei uomskorne?»
19 Då opna Gud den hòla som er i Lehi, og det rann vatn or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda. Ho er i Lehi den dag i dag.