4 Så gjekk Samson av stad og fanga tre hundre revar. Han fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar.
5 Så tende han faklane og sleppte revane inn på åkrane til filistrane. Slik brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, ja, til og med vinmarker og olivenhagar.
6 Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar.
7 Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.»
8 Og han slo dei sønder og saman, og det vart eit stort mannefall. Sidan drog han ned til Etam-juvet og gav seg til der.
9 No kom filistrane opp i Juda og slo leir der, og dei spreidde seg utover i Lehi.
10 Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera med han som han har gjort med oss.»