6 Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar.
7 Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.»
8 Og han slo dei sønder og saman, og det vart eit stort mannefall. Sidan drog han ned til Etam-juvet og gav seg til der.
9 No kom filistrane opp i Juda og slo leir der, og dei spreidde seg utover i Lehi.
10 Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera med han som han har gjort med oss.»
11 Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistrane herskar over oss? Kvifor har du gjort dette mot oss?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, har eg gjort mot dei.»
12 Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg over i hendene på filistrane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil overfalla meg.»