20 Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då vakna han or søvnen og tenkte: «Eg skal nok riva meg laus og rista meg fri, slik som dei andre gongene.» For han visste ikkje at Herren hadde vendt seg frå han.
21 Filistrane tok Samson og stakk ut auga på han. Dei førte han ned til Gaza og batt han med bronselenkjer. Så sette dei han til å mala korn i fangehuset.
22 Men håret hans tok til å veksa med det same det var raka.
23 Hovdingane over filistarbyane kom no saman og bar fram eit stort slaktoffer for Dagon, guden sin, og heldt fest. Dei sa:«Vår gud har gjeve Samson,fienden vår, i våre hender.»
24 Og då folket fekk sjå han, lova dei guden sin og sa:«Vår gud har gjeve fienden våri våre hender,han som herja landet vårtog drap så mange.»
25 Som dei no var komne i godlag, ropa dei: «Hent Samson hit, så vi kan ha moro med han.» Så henta dei Samson or fangehuset, og dei hadde moro med han. Dei stilte han opp mellom søylene.
26 Då sa Samson til guten som leidde han: «Plasser meg slik at eg kan halda i dei søylene som huset kviler på, og stø meg til dei.»