5 Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne og sa: «Sjå om du kan få lokka han til å seia kvar han har den store styrken sin frå, og korleis vi kan rå med han og binda han, så vi får bukt med han. Så skal kvar av oss gje deg elleve hundre sjekel sølv.»
6 Då sa Dalila til Samson: «Kjære, fortel meg kvar du har den store styrken din frå, og korleis du kan bindast, så ein får bukt med deg.»
7 Samson svara: «Dersom dei bind meg med sju rå senestrenger som ikkje har tørka, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.»
8 Då kom hovdingane over filistarbyane opp til henne med sju rå senestrenger som ikkje hadde tørka. Dei batt ho han med,
9 og i rommet innanfor hadde ho folk som sat på lur. Så ropa ho: «Filistrane er over deg, Samson!» Då sleit han av strengene; dei brast som ein strytråd når han kjem nær elden. Og ingen fekk vita kvar han hadde styrken sin frå.
10 Så sa Dalila til Samson: «Du har narra meg og loge for meg. No må du fortelja meg korleis du kan bindast!»
11 Han svara: «Dersom dei bind meg godt med nye reip som aldri har vore brukte til noko, så veiknar eg og blir som eit anna menneske.»