11 Så tok dei i veg, seks hundre fullvæpna menn av Dan-slekta, frå Sora og Esjtaol.
12 Då dei var komne opp i høgda, slo dei leir i Kirjat-Jearim i Juda. Difor har den staden vorte kalla Dan-leiren heilt til denne dag. Han ligg vest for Kirjat-Jearim.
13 Derifrå drog dei over Efraim-fjella og kom til huset åt Mika.
14 Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»
15 Så tok dei vegen dit og kom til huset åt Mika der den unge levitten budde, og dei helsa på han.
16 Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dan-stammen vart ståande i porten,
17 gjekk dei fem som hadde vore og spionert i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.