13 Derifrå drog dei over Efraim-fjella og kom til huset åt Mika.
14 Dei fem mennene som hadde gått og spionert i Lajisj-landet, sa då til brørne sine: «Veit de at i desse husa er det ein efod, nokre terafar, eit utskore gudebilete og eit støypt bilete? No veit de vel kva de har å gjera.»
15 Så tok dei vegen dit og kom til huset åt Mika der den unge levitten budde, og dei helsa på han.
16 Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dan-stammen vart ståande i porten,
17 gjekk dei fem som hadde vore og spionert i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene.
18 Dei andre hadde gått inn i huset til Mika og henta det utskorne gudebiletet, efoden, terafane og det støypte biletet. Då sa presten til dei: «Kva er det de gjer?»
19 «Tei stille!» svara dei. «Hald handa for munnen! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje betre for deg å vera prest for ein stamme og ei ætt i Israel enn for huset til ein einskild mann?»