2 Dans etterkomarar sende då ut fem mann av ætta si, av deira eigne, djerve menn frå Sora og Esjtaol. Dei skulle spionera i landet og utforska det. Og dei sa til dei: «Gå av stad og utforsk landet!»Mennene kom til huset åt Mika i Efraim-fjella og overnatta der.
3 Då dei var i nærleiken av huset til Mika, kjende dei att røysta til den unge levitten. Så tok dei av frå vegen og spurde han: «Kven har ført deg hit? Kva gjer du her, og kvifor er du her?»
4 Då fortalde han om alt det Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste», sa han, «eg er prest hos han.»
5 Då sa dei: «Spør Gud for oss, så vi får vita om den ferda vi er ute på, skal lukkast.»
6 Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auge med vegen der de ferdast.»
7 Så fór dei fem mennene og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sorglaust på same måten som sidonarane: roleg og sorglaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
8 Då mennene kom heim att, spurde brørne deira i Sora og Esjtaol: «Korleis gjekk det?»