23 og ropa på dei, snudde danittane seg og sa til Mika: «Kva er det du vil, sidan du har samla folka dine?»
24 Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva eg vil!»
25 Då sa danittane til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne misnøgde folk slå dykk ned og drepa både deg og dine.»
26 Så fór danittane sin veg. Og då Mika såg at dei var for sterke for han, snudde han og drog heim att.
27 Då dei hadde teke det som Mika hadde laga, og presten som var hos han, drog dei mot Lajisj og mot det rolege og sorglause folket der. Folket hogg dei ned med sverd, byen brende dei med eld,
28 og det var ingen som hjelpte. For dei budde langt frå Sidon og hadde ikkje noko å gjera med andre folk. Byen låg i den dalen som høyrer Bet-Rehob til. Dei bygde han opp att og busette seg der.
29 Dei kalla byen Dan etter stamfar sin, son til Israel. Før heitte byen Lajisj.