4 Då fortalde han om alt det Mika hadde gjort for han. «Han har teke meg i si teneste», sa han, «eg er prest hos han.»
5 Då sa dei: «Spør Gud for oss, så vi får vita om den ferda vi er ute på, skal lukkast.»
6 Presten svara: «Far i fred! Herren skal ha auge med vegen der de ferdast.»
7 Så fór dei fem mennene og kom til Lajisj. Dei såg at folket der på staden levde sorglaust på same måten som sidonarane: roleg og sorglaust. Ingen som hadde makt i landet, gjekk dei for nær. Langt borte var dei frå sidonarane og hadde ikkje noko å gjera med andre folk.
8 Då mennene kom heim att, spurde brørne deira i Sora og Esjtaol: «Korleis gjekk det?»
9 Dei svara: «Kom, lat oss fara opp mot dei! Vi har sett at det er eit framifrå land. Og de sit i ro her! Dryg ikkje med å dra av stad og ta landet!
10 Når de kjem dit, kjem de til eit sorglaust folk. Landet er romsleg og vidt. Gud har gjeve det i hendene dykkar. Dette er eit land der det ikkje vantar nokon verdsens ting.»