11 Då dei kom bort imot Jebus, var det langt på dag, og tenesteguten sa til herren sin: «Kom, lat oss ta inn i denne jebusittbyen og vera der om natta!»
12 Men herren svara: «Nei, vi vil ikkje ta inn i ein by der det berre bur framande og ikkje israelittar. Vi vil halda fram til Gibea.»
13 Så sa han til tenesteguten: «Kom, lat oss gå til Gibea eller Rama og få oss hus i ein av dei byane.»
14 Så heldt dei fram, og då sola gjekk ned, var dei tett ved Gibea, som høyrer til Benjamin.
15 Der tok dei av vegen og gjekk inn i Gibea og ville få seg hus for natta. Då han kom inn i byen, sette han seg på torget, for det var ingen som baud dei hus.
16 Utpå kvelden kom det ein gammal mann heim frå arbeidet sitt ute på marka. Han var frå Efraim-fjella, men budde i Gibea. Elles var folket der på staden benjaminittar.
17 Då den gamle mannen såg opp, fekk han auge på ferdamannen på torget og sa til han: «Kvar skal du, og kvar kjem du frå?»