2 Men kona var utru mot han og drog ifrå han og heim til far sin, til Betlehem i Juda. Då ho hadde vore der i om lag fire månader,
3 tok mannen ut og kom etter henne. Han ville tala venleg til henne og få henne til å koma att. Han hadde med seg tenesteguten sin og eit par esel. Ho leidde han inn i huset til far sin, og då far til jenta såg han, vart han glad og tok imot han med glede.
4 Svigerfar hans, far til jenta, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og dei fekk vera der om natta.
5 Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til jenta sa til svigerson sin: «Få deg først litt mat til å styrkja deg på, så kan de fara.»
6 Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Far til jenta sa til mannen: «Gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»
7 Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde svigerfaren han, så han gav seg og vart der om natta.
8 Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Få deg no først litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to.