4 Svigerfar hans, far til jenta, heldt på han, så han vart verande der i tre dagar. Dei åt og drakk, og dei fekk vera der om natta.
5 Tidleg om morgonen fjerde dagen gjorde mannen seg ferdig og ville ta i veg. Men far til jenta sa til svigerson sin: «Få deg først litt mat til å styrkja deg på, så kan de fara.»
6 Så sette dei seg ned begge to og åt og drakk i lag. Far til jenta sa til mannen: «Gjer vel og ver til i morgon og hygg deg her!»
7 Og då mannen reiste seg og ville gå, nøydde svigerfaren han, så han gav seg og vart der om natta.
8 Morgonen etter, den femte dagen, var han tidleg oppe og ville fara av stad. Då sa far til kona: «Få deg no først litt å styrkja deg på, og vent så til det lid på dagen!» Så åt dei saman, dei to.
9 Då mannen gjorde seg klar til å gå, saman med følgjekona si og tenesteguten, sa svigerfar hans, far til jenta: «No lid det alt til kvelds, ver her i natt! Sjå, dagen hallar, ver her og hygg deg! I morgon tidleg kan de ta i veg, så du kjem heim att.»
10 Men mannen ville ikkje gje seg til der om natta. Han gjorde seg ferdig og tok ut og gjekk til han kom midt for Jebus, det er Jerusalem. Han hadde med seg eit par esel med kløv, og følgjekona var med han.