1 Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og inn i det landet som eg med eid hadde lova fedrane dykkar. Eg sa: «Eg vil aldri bryta mi pakt med dykk,
2 og de skal ikkje gjera noka pakt med dei som bur her i landet. Altara deira skal de riva ned.» Men de høyrde ikkje på meg. Kva er det de har gjort?
3 Difor seier eg no: Eg vil ikkje driva dei bort for dykk. Dei skal bli til ei snare for dykk, og gudane deira skal bli ei felle for dykk.
4 Då Herrens engel hadde sagt dette til israelittane, gret folket høgt.