19 Men så snart dommaren var død, fall dei frå att, og dei øydela meir enn fedrane gjorde. Dei følgde andre gudar og dyrka og tilbad dei. Dei heldt fram med å vera trassige og gjera det vonde.
20 Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han sa: «Dette folket har brote den pakta eg påla fedrane deira, og ikkje lydd etter det eg har sagt.
21 Difor vil eg ikkje halda fram med å driva ut for dei eit einaste av dei folkeslaga som Josva lét vera att då han døydde.
22 For gjennom dei skal Israel bli prøvd: Vil dei eller vil dei ikkje halda seg til Herrens veg og gå han, slik som fedrane deira har gjort?»