4 Då Herrens engel hadde sagt dette til israelittane, gret folket høgt.
5 Difor kalla dei staden Bokim. Og dei ofra til Herren der.
6 Då Josva hadde sendt folket i veg, drog israelittane kvar til sitt område for å ta landet.
7 Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle enno var i live, dei som hadde levd lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.
8 Josva, son til Nun, Herrens tenar, døydde hundre og ti år gammal.
9 Dei gravla han på hans eigen grunn i Timnat-Heres i Efraim-fjella, nord for Gaasj-fjellet.
10 Snart var heile dette slektsleddet sameina med fedrane sine. Etter dei voks det opp eit nytt slektsledd som korkje kjende Herren eller visste kva han hadde gjort for Israel.