5 Difor kalla dei staden Bokim. Og dei ofra til Herren der.
6 Då Josva hadde sendt folket i veg, drog israelittane kvar til sitt område for å ta landet.
7 Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle enno var i live, dei som hadde levd lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.
8 Josva, son til Nun, Herrens tenar, døydde hundre og ti år gammal.
9 Dei gravla han på hans eigen grunn i Timnat-Heres i Efraim-fjella, nord for Gaasj-fjellet.
10 Snart var heile dette slektsleddet sameina med fedrane sine. Etter dei voks det opp eit nytt slektsledd som korkje kjende Herren eller visste kva han hadde gjort for Israel.
11 Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane