8 Josva, son til Nun, Herrens tenar, døydde hundre og ti år gammal.
9 Dei gravla han på hans eigen grunn i Timnat-Heres i Efraim-fjella, nord for Gaasj-fjellet.
10 Snart var heile dette slektsleddet sameina med fedrane sine. Etter dei voks det opp eit nytt slektsledd som korkje kjende Herren eller visste kva han hadde gjort for Israel.
11 Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens auge. Dei dyrka Baal-gudane
12 og forlét Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut frå Egypt. Dei følgde andre gudar, gudar frå folka som budde omkring, og tilbad dei. Slik gjorde dei Herren rasande.
13 Dei forlét Herren og dyrka Baal og Astarte-bileta.
14 Då flamma Herrens vreide opp mot Israel, og han gav dei i hendene på røvarar som plyndra dei. Han gav dei over til fiendane omkring, og dei kunne ikkje stå seg mot dei.