11 Så samla dei seg, alle Israelsmennene, og drog mot byen, alle som ein.
12 Og Israel-stammane sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hos dykk?
13 Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan drepa dei og rydda det vonde ut av Israel.» Men benjaminittane ville ikkje høyra på brørne sine, israelittane.
14 Benjaminittane samla seg frå alle byane sine og kom til Gibea for å gå til kamp mot israelittane.
15 Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane. Attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.
16 I heile denne hæren fanst det sju hundre utvalde menn som var venstrehendte. Når dei kasta slyngjesteinen, kunne dei råka eit hårstrå; ingen bomma.
17 Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen våpenføre menn, alle øvde krigarar.