13 Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan drepa dei og rydda det vonde ut av Israel.» Men benjaminittane ville ikkje høyra på brørne sine, israelittane.
14 Benjaminittane samla seg frå alle byane sine og kom til Gibea for å gå til kamp mot israelittane.
15 Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane. Attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.
16 I heile denne hæren fanst det sju hundre utvalde menn som var venstrehendte. Når dei kasta slyngjesteinen, kunne dei råka eit hårstrå; ingen bomma.
17 Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen våpenføre menn, alle øvde krigarar.
18 Israelittane braut opp og drog til Betel. Der spurde dei Gud til råds: «Kven av oss skal først dra ut i krigen mot Benjamin-mennene?» Og Herren svara: «Juda først.»
19 Om morgonen braut israelittane opp og slo leir midt imot Gibea.