2 Og hovdingane for heile folket, for alle Israel-stammane, møtte fram i forsamlinga av Guds folk. Det var fire hundre tusen fotfolk, våpenføre menn.
3 Benjaminittane fekk høyra at israelittane hadde fare opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det gjekk til med denne ugjerninga!»
4 Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til orde og sa: «Eg og følgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.
5 Men innbyggjarane i Gibea kom mot meg om natta og omringa huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og følgjekona mi valdtok dei så ho døydde.
6 Då greip eg følgjekona mi og skar henne opp og sende stykka rundt til alle område i Israels land. For dei hadde gjort ei avskyeleg og skammeleg gjerning i Israel.
7 No er de samla her, alle Israels menn. Kom fram med meininga dykkar og gjev råd!»
8 Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til teltet sitt eller fara heim til huset sitt.