31 Benjaminittane kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei først nokre av israelittane på landevegane som fører oppover, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea. Det var om lag tretti mann av Israel som fall.
32 Då tenkte benjaminittane: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss rømma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.»
33 Så trekte alle israelittane seg tilbake frå staden der dei hadde stått, og fylka seg i Baal-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymestaden sin vest for Gibea.
34 Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid. Men Benjamin-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.
35 Herren slo Benjamin framfor israelittane. Den dagen felte israelittane tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin, alle saman våpenføre menn.
36 Då såg Benjamin-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane trekte seg tilbake frå Benjamin, for dei leit på dei som dei hadde lagt i bakhald attmed Gibea.
37 Dei som låg i bakhald, storma no mot Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg.