34 Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid. Men Benjamin-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.
35 Herren slo Benjamin framfor israelittane. Den dagen felte israelittane tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin, alle saman våpenføre menn.
36 Då såg Benjamin-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane trekte seg tilbake frå Benjamin, for dei leit på dei som dei hadde lagt i bakhald attmed Gibea.
37 Dei som låg i bakhald, storma no mot Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg.
38 Dei andre israelittane hadde gjort den avtalen med bakhaldsmennene at dei skulle la ein tjukk røyk stiga opp frå byen som eit signal.
39 Då no israelittane snudde ryggen til i striden, felte Benjamin i førstninga nokre av dei, om lag tretti mann. Dei tenkte: «Vi slår dei no som førre gongen.»
40 Men så tok signalet, ei røyksøyle, til å stiga opp frå byen. Og då Benjamin-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge som slo opp mot himmelen.