6 Då greip eg følgjekona mi og skar henne opp og sende stykka rundt til alle område i Israels land. For dei hadde gjort ei avskyeleg og skammeleg gjerning i Israel.
7 No er de samla her, alle Israels menn. Kom fram med meininga dykkar og gjev råd!»
8 Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til teltet sitt eller fara heim til huset sitt.
9 No vil vi gjera slik med Gibea: Vi går mot byen etter loddkasting.
10 Vi tek ut ti mann for kvart hundre av alle stammane i Israel, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal sørgja for forsyningar til hæren, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der like for den skammelege gjerninga dei har gjort i Israel.»
11 Så samla dei seg, alle Israelsmennene, og drog mot byen, alle som ein.
12 Og Israel-stammane sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hos dykk?