1 I Mispa hadde israelittane svore at ingen av dei skulle gje dotter si til ein mann av Benjamin.
2 Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds andlet heilt til kvelds. Dei gret høgt
3 og sa: «Herre, Israels Gud, kvifor skulle dette henda i Israel, så det i dag manglar ein stamme av Israel?»
4 Tidleg neste morgon bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og fredsoffer.
5 Så sa israelittane: «Kven i alle Israel-stammane kom ikkje opp til forsamlinga, til Herren?» For dei hadde svore ein dyr eid om at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle døy.
6 Israelittane sørgde over brørne sine i Benjamin og sa: «I dag er ein stamme hoggen bort av Israel.
7 Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.»